Pest-podden - ein podkast for deg som vil bli infeksjons- eller tropemedisiner i verdas minst tropiske land. Eller berre lære deg meir infeksjonsmedisin.

«Why does the fungi have so many friends? – Because he is a fun guy!»

Akkurat sånn tenker vi, Jørgen og Ingrid, om infeksjonsmedisinen òg – kanskje det faget innafor medisin med flest spanande bakgrunnshistorier og sjanser for krumspring, avsporingar- (og påsporingar), irrgangar, sidevegar, avstikkarar inn i jungelen og oppsiktsvekkande oppdagingar.

Vi gjer eit forsøk på å gjere det vanskelege enkelt og det keisame morosamt – på norsk, sia nesten alle infeksjonsmedisinske podcastar i dag er engelskspråklige, og følgjeleg òg altfor fulle av meropenem.

I denne podcasten får du med andre ord dårlege vitsar, gode historier og spontane innfall – men forhåpentligvis med eit visst læringsutbytte på reisa.

Vi er Ingrid Hoff og Jørgen Østensjø